Åsatru som neopaganistisk religion i 2005

 

Dette essayet er opprinnelig et religionsprosjekt for VK2 allmennfag.

 

Før kristninga av Noreg (Rundt år 1000) trong ein ikkje eit namn på religionen sin. Trua var integrert i det nordiske samfunnet, og reflekterte lover, skikkar, normer, verdssyn og sjølvsagt også religiøs praksis. Då kristendommen kom til Norden vart den gamle seden ått forfedrane våre kalle åsatru, som tyder trua på æsene og åsynjene, som var dei guddomane som var vanlegast å dyrke. Åsatru omfattar også ei tru på vaner (fruktbarheitsgudar), dvergar, jotnar, alvar, diser, valkyrjer, norner, diverse lokale åndevesen og meir. I dag brukar vi også nemningar som Odalisme, odinisme, ”forn siðr” (gno for gammal sed), germansk neo-paganisme og heidendom for trua på den før-kristne mytologien. Dei betyr om lag det same. I denne oppgåve vil eg nytte ordet ”åsatru”, og ein som vedkjenner seg åsatrua vil eg kalle heidning.

 

Ein kan sjå måten samfunnet livnærar seg på som den viktigaste faktoren for kontakta med og forståinga for naturen som omringar folket, der sankar/jegersamfunnet har den beste forståinga for naturen, og informasjonssamfunnet har den dårlegaste. (Informasjonssamfunnet har den dårlegaste kontakta med naturen til no, men ein bør ikkje utelukke andre nye næringsrevolusjonar som vil gjere dette forholdet mellom menneske og natur enda verre.) Vi kan seie at mennesket og natur levde i ein slags symbiose fram til den industrielle revolusjonen, der mennesket i større grad var ein del av naturen, og begge partar tente på forholdet dei i mellom. Etter den industrielle revolusjonen vart mennesket for grådig, forsynte seg for grovt av naturen og den nye effektive raffineringa av råvarer førte med seg ei forureining som gjorde at naturen ikkje lenger tente på at mennesket var ein del av han. Dette i tillegg til ei urbanisering og modernisering av heimen og arbeidsplassen førte med seg ei distansering frå naturen, som igjen forandrar mennesket si verdsbilete. Åsatrua har sitt opphav i dei tider Norden livnærte seg av primærnæringar, meir presist; gardsbruk. Ein kan seie at denne typen primærnæring er eit steg på vegen vekk frå naturen, men likevel kan åsatrua kallast ein naturreligion. Naturreligionar blir ofte assosiert med nomadefolk, ”primitive”, eller naturfolk, men forfedrane våre hadde mykje dei same trekka i mytologien sin som det som i større grad blir assosiert med naturreligionar. Dei hadde til dømes si eiga form for sjamanisme (seid), trua på åndevesener, ei stor tru på og forståing for natur og diverse guddomelege vesen som personifiseringar av naturfenomen som til dømes: torevêr, kornåkeren, dag, natt, sol og måne. I tillegg var tilbeding av døde forfedre vanleg.

 

I Norden seier ein at åsatrua vart praktisert imellom 1500 - 2000 år før kristendomen kom. Trua forandra seg naturleg nok ein del etter kvart, og særleg i vikingtida då ein ofte reiste i viking til katolske land. 70-talet var tiåret for åndeleg eksperimentering, og mange nyreligiøse bevegelsar oppstod. Mange var av kristen art, medan andre var inspirerte av austlege religionar. Samtidig fekk åsatru ein renessanseperiode, særleg på Island og i USA. Sveinbjörn Beinteinsson var ein viktig skikkelse for åsatrua på Island. Han tok initiativ til å danne den islandske heidenske organisasjonen; Ásatrúarfélag i 1972, der han var sjefsgode (Gode/gydje er den som leier blotet (offringa)) fram til han døde. Han gjorde også åsatrua til ein offentleg godkjent religion i 1993.

 

Ein stor del av det å være heidning, vil være å tenkje som ein heidning. Sjølv om den protestantiske trua ikkje lenger står så sterkt som den ein gong gjorde i Norden, har vi enno ein særs kristen måte å tenkje på. Kristendomen pregar oss nok i mykje større grad enn vi tenkjer over. Ein heidning jobbar med seg sjølv for å bli kvitt dei kristne oppfatningane av verda, og å erstatte dei med heidenske oppfatningar. (Det er veldig mange meiningar om kva som er ein heidensk måte å tenkje på, og dei fleste hevdar at deira er den einaste rette)Det som ofte er enklast for nyheidningar å internalisere er tilhørsla med naturen. Heidningar er ofte opptekne av det enkle, naturlege og organiske. Dei er ofte veldig opptekne av urørt natur, og dei fleste blot blir utførte i skog, eller andre stadar i naturen. Åsatru går ofte hand i hand med miljøvern, friluftsliv og plantemedisin. Det gjeld også å tenkje på ein måte som er i samsvar med naturen.

 

Noko av det viktigaste av dei heidenske tenkjemåtane er den heidenske oppfatninga av tid. For 1000 år sidan hadde vi i Norden ei syklisk oppfatning av tid, akkurat som dei austlege religionane er vidgjetne for. Altså, ting går i sirklar (derfor kan det også kallast sirkulær tidsoppfatning), og gjentek seg sjølv. Verda blir skapt av urkrafta; jotnen Yme og kua Audhumbla, blir øydelagt ved Ragnarokk, og ei ny verd blir skapa på nytt etter dei tre store Fimbulvintrane. Det seiast også at Midgardsormen som ligg rundt verda og held den på plass ved at han bit seg sjølv i halen også er eit symbol på det heidenske synet på tid, ettersom han dannar ein stor sirkel som ligg rundt verda.

 

Ein heidning prøver også å kvitte seg med dei kristne konstruksjonane; godt og vondt. Heidningen har eit meir nyansert syn på dette, og for han eller ho er ingen korkje gode eller vonde. Mytologien fortel oss heller om kosmos og kaos. Kosmoskreftene vil lage orden i rotet, og halde verda oppe, medan kaoskreftene vil øydeleggje og skape uorden. Kosmoskrefter er ikkje gode krefter, og kaoskrefter er ikkje vonde krefter. Begge kreftene er nødvendige for å halde verda oppe, og kampen mellom dei må alltid vere, ellers kjem Ragnarokk over oss. Som eit eksempel kan vi sjå på Hymeskvadet, der Tor (kosmosrepresentant) og Hyme (kaosrepresentant) reiser på fisketur. Tor får Midgardsormen (kaosrepresentant) på kroken, og vil gjere det av med han der og då. Midgardsormen er i ei særstilling i mytologien, fordi han held verda på plass med å ligge rundt den og bite seg i halen. Utan Midgardsormen ville verda falle saman, og difor kan ein sjå på han som ein som speler på begge lag, både kosmos og kaos. Tor vil gjere det av med Midgardsormen, men han held som sagt verda på plass, og det er difor like før Tor forårsakar Ragnarok. Jotunen Hyme blir redd, og kuttar snøret til Tor. Denne myta prøver å fortelje oss at både kosmos og kaos er nødvendig for at verda skal halde seg oppe, og difor finst det ikkje godt eller vondt. Både gode og vonde hendingar er nødvendige for å halde verda sunn og frisk.

 

Individualisme var ikkje-eksisterande i norrøn tid. Ein var nærmast ikkje eit individ, men meir som eit ledd i ætta si. Om ein for eksempel var ein god skald, gav det utslag på ætta si ære. Når ein skulle finne ut om ein mann var ”bra”, spurte ein han ut om kva slags folk han var frå, og fant svar ut ifrå det. Oppseding var derimot viktigare enn slekt. Ein forsterbror eller syster var like mykje del av den slekta han eller ho vaks opp i som dei som hadde slektskap i blod. Dette med individualisme er veldig forskjellig frå det moderne samfunnet, der prestasjonane til individet er det som blir lagt vekt på.

 

Heidningar prøvar også å kvitte seg med dei ydmyksideala som kristendommen predikerer. I før kristen tid skulle ein vere stolt, og det var ikkje reikna som nokon skam å skryte av handlingane sine. Noko jantelov var utenkjeleg, og sterke menn og kvinner vart heidra. Då kan ein berre tenkje seg korleis den kristne oppfordringa om å vende det andre kinnet til vart teken imot. Truleg vart det sett på som ei stor skam, for ei ætt var nærmast plikta til å hemne den uretten som vart gjort mot dei. Kvinnene hadde eit stort ansvar for hemnen. Det var ofte dei som måtte egge opp menna sine til å utføre hemnen, sjølv om dei risikerte å miste nokon dei var glad i.

 

Likestilling mellom kjønna er også veldig viktig for heidningar. Urmannen (Ask) og urkvinna (Embla) vart skapt samtidig, og vart sett på som likeverdige, til forskjell frå Adam og Eva. Likestillinga hadde ei litt annan form enn i dag, for sjølv om både kvinna og mannen var like mykje verdt var det ei klar arbeidsdeling, og ei overtreding av desse kulturelle og biologiske rollene kunne vere forbunde med stor skam. Kvinna var sjefen på garden, og ofte også for den religiøse utøvelsen, medan mannen var sjef for utgards. Mange feministar meiner at kjønnsrollene våre ikkje er biologisk oppbygde, men heller kulturelt betinga, så likestillinga var av ein annan art enn den mange feministar predikerar.

 

Det er også mange forskjellige måtar å tru på innanfor åsatrua. Først og fremst seier ein at vettene (blir her brukt som samnemning på guddommar) og mytene rundt dei er dei germanske arketypane. Carl Gustav Jung var den første til å bruke begrepet arketypar. Jung meinte at mennesket har ei umedvit som det opparbeidar seg gjennom livet, og eit som det arvar; det kollektivt umedvite. I det kollektivt umedvite finn vi arketypane som er alt frå symbol, til mytar, til heile personligheiter. Religionsforskarar har late seg inspirere av Jung, og ein kan seie at mykje i religionane har oppstått ved mennesket si kontakt med desse arketypane. Det er ikkje berre i religion vi finn arketypar, vi finn dei også i eventyr og til og med moderne film. Swastikien (hakekorset) er ein arketype som er felles for omtrent alle folkeslag. Ved hjelp av arkeologien har vi funne swastikien i utgravinger frå vikingtid. Swastikien er også mykje brukt i hinduistisk religion. Nokre meiner at å tilbe desse arketypiske personlegheitene, som gudane er, vil styrke sider av personlegheita si gjennom det umedvite.

 

Det er som sagt mange måtar å tru på. Nokre trur at Odin, Frigg, Njord og resten av gudane er faktiske personar som ein kan yte godt av å inngå ”forhald” med. Andre igjen ser på gudane som personifikasjonar av krefter ein kan finne i naturen, som ein kan tilbe på same måte. Det er også vanleg å sjå på gudane som personar som har levd, og som er forfedrane våre. Det er som sagt ingen fasit på det å tru, og dette er berre nokre av mange måter å tru på.

 

Det er omtrent så mange måtar å utøve åsatrua som det er organisasjonar og blotslag (kultus). I Noreg kan ein nemne trusfellesskapet Bifrost som er ein slags paraplyorganisasjon for alle blotslaga i Noreg. Er ein medlem av eit blotslag i Noreg, er ein også medlem av Bifrost. Bifrost er eit offentleg godkjent og registrert trussamfunn som mottar statsstøtte og organiserer gravferder og vigsler. Sidan Bifrost omfamnar alle blotslag i Noreg, er han ein stor og variert organisasjon.

 

Sjølve den religiøse praksisen i åsatrua handlar mykje om å dyrke og blote for gudane. Ved visse religiøse høgtider er gudane meir motakelege for desse rituala enn vanleg, og det er vanleg å ofre mat eller dyr for at gudane skal betre vilkåra for dei blotande. I norrøn tid hendte det også at mennesker vart blota, men dette skjer ikkje i dag. Ein stor del av religionen er også å vise gudane og lokale åndevesen ære. Om ein lever eit godt og ærefult liv, vil gudane med stor sansynlegheit sjå dette, og gje deg og familien din enda større lykke. Overfor lokale åndar bør ein opptre med respekt. Ofte har desse åndane avgrensa områder dei råder over, og om ein gjer desse åndane urett på deira heimebane, vil ein måtte betale. Så det å vere eit ”godt” menneske er mykje av det åsatrua handlar om.

 

Blot er som nemnt før eit gammalnorsk ord for offring. Sjølve blotinga foregår ved at ein gjer gudane, åndane eller dei døde noko av verdi. For å gjere blotsgåvene tilgjengeleg, må det gjennom forskjellige prosessar. Dyr må ein drepe for å gjere det tilgjengelig, og mat og andre ting er det vanleg å grave ned eller på andre måtar ”øydeleggje” eller ”drepe” det for gudane. Blotet har som formål å styrke forhaldet mellom menneska og gudane.

 

Vé tyder heilag stad, og stadar som er vé blir ofte brukt til blot. Kvar stad det blir utøvd rituelle handlingar på skal lysast i vé, sjølv om den blir reikna som heilag frå før. Hov er hus som er bygd til religiøs praksis, og her finn ein ofte gudeavatarar i form av uthoggde figurar som skal likne på den aktuelle guden. Horg er ein tilsvarande plass, berre utandørs, og er ofte bygd ved stadar som er reikna som vé. Horget blir ofte markert med ein sirkel av stein, der praksisen forgår inne i sirkelen. Ein stad som blir reikna som vé har ofte spesielle landskapsformasjonar som blir reikna som heilage, og difor ein stad der ein lettare kan oppnå kontakt med gudane. Dette kan være spesielle steinar, skogar eller kanskje vatn. I dag blir dei fleste blot haldne ved horg, truleg fordi moderne heidningar ofte er glade i naturen. Einskilde hov og horg blir ofte bygde dedikert til ein gud, der Frøya, Odin og Tor er dei mest populære. I mange hov og horg finn vi i tillegg ei stor søyle kalla Irminsul, som skal symbolisere verdstreet; Yggdrasil.

 

Jul (eller jól) er kanskje den største religiøse høgtida for heidningar. Mange tykjer kanskje at det høyrest paradoksalt ut at heidningar, som ikkje trur på Jehova feirer jul, men julefeiringa i norden er opprinneleg ein heidensk skikk. Det går teoriar om at jula var ein så viktig del av det heidenske samfunnet, at dei kristne misjonærane ikkje klarte å avskaffe jula, men i staden bestemte seg for å behalde den og skifte innhald. Jesus vart altså ikkje fødd 24 desember, men feiringa av fødselen er alikevel lag til denne dagen. Det er ueinigheiter over kva som vart feira i denne høgtida. Somme meiner at det var solsnu, andre meiner at ein feira at all grøden var i hus, medan nokre meiner at ein feirar dei døde som på denne dagen står opp av jorda, og ferdast blant oss. Uansett kva slags meining ein legg i jula, vert det blota til dei gudane ein velger å fokusere på, og det vert som regel heldt gilde (fest med mat og øl til) til ære for dei same gudane seinare. Det er også populært å sitere frå Eddaene, eller framføre eigne kvad. Ein viktig del av jula for alle heidningar, med unnatak av avholdsfolk, er juleølet. Det er vanleg å fylle ei skål med øl, og sende rundt til alle som vil heidre gudane ved å drikke ølet som dei har skjenka oss. Dette er ei rituell handling der ein visar gudane at ein sett pris på gåvene dei har gjett menneska, og for å understreke kor viktig juleølet var i før kristen tid kan ein fortelle at jula varte inntil juleølet tok slutt. Når det var slutt, var jula over.

 

Jul er omtrent den einaste høgtida alle heidningar har til felles. Bifrost seier: ” De fleste av oss feirer solhvervene og jevndøgnene, og dessuten jul som noen slår sammen med vintersolhvervsfesten - men ikke nødvendigvis.”, men det visar seg at det er så mange forskjellige høgtider med så mange forskjellige meiningar at det blir for omfattande og prøve å beskrive dei. Alt frå påska, til einherjardagen til eigenkonstruerte høgtider blir feira, og det er forskjellig rituell praksis i alle blotslag. Men det er viktig å få med seg at mange, spesielt dei som kallar praksisen sin av åsatru for rekonstruksjonistisk, meiner at ein berre blote eller be til gudane under dei viktigaste høgtidene. Å be til for eksempel Odin på ein regelmessig basis blir reikna som respektlaus opptreden ovafor Odin, fordi han veit best kva som skal gjerast, og han likar ikkje å bli beden om tenestar. På denne måten skiljar religionen seg veldig ut frå andre. Blotet er for å styrke forhaldet mellom gudar og menneske, ikkje for at ein skal kunne få tenestar til gjengjeld. Om ein får betre lykke av eit blot er det berre ei positiv biverkning, og ein skal ikkje blote med det som formål.

 

Bifrost tilbyr også vigslemål, som er gyldig på lik linje med kyrkjeleg og borgarleg vigslemål. Vigslemålet foregår i veet, og blir gjort av ein vigslar og ein gode eller gydje (Prest eller prestinne), som seier fram ein rituell tekst, og til slutt drikk ein bryllup. Begraving er også ofte gjort rituelt, men ein kan ikkje gravleggast i noko anna enn vigsla jord (kristne gravplassar), så kremering etterfulgt av eit heidensk rituale er vanleg. Dåp og konfirmasjon er ikkje vanleg, då dette i følge Bifrost er kristne tradisjonar uten røter i åsatrua.

 

Tidlegare har eg nemnt at åsatrua har sin eigen form for sjamanisme; seid. Ein mannleg utøvar av seid kallar vi ”seidmann”, medan ein kvinneleg utøvar kallas ”volve”. Ein veit forhaldsvis lite om denne forma for sjamanisme, men ut ifrå det vesle vi veit, har nokre få moderne heidningar teke opp seid. Den største seidmannen var Odin, men dette var forbunde med skam, sida Odin var mann. Frøya hadde lært han kunsten å seide, men for Frøya var det i større grad godtatt, fordi ho var kvinne. Seidmenn var skjeldnare enn volver. Det forkom alikevel, men dei måtte godta å bli håna og sett på som ”ergi”. Trua var at når ein seida måtte ein late seg rive med, og dominerast av ekstasen ein ville indusere. Dette samanlikna forfedrene våre med sexakta, der det er kvinna som spelar den passive rolla. I sex mellom to menn, må den eine parten spele den passive rolla, og dette var forbunde med mykje meir skam enn den dominerande parten. Ein mann passive kvinnelege rolla var ”argr”, og han gjorde noko som var ”ergi”. I dag har kjønnsrollene forandra seg, og seidmenn blir sjølvsagt like høgt akta som volver.

 

Det største formålet med seiden er å kunne reise ut av kroppen sin, ofte i ein dyreham. I denne forma kan ein møte skapningar ein ikkje ellers kan sjå, til dømes dei døde, og gjennom å prate med og observere dei seiast det at ein kan ein få tak i verdifull informasjon. Det som ofte er mest populært er å prøve å finne ut av kva som vil hende i framtida. For å kunne reise ut av kroppen sin brukar ein, som i andre former for sjamanisme, repetetiv musikk og/eller rytma for å indusere ein ekstatisk eller transeliknande tilstand. Mange seidmenn og volver bruker trommer som dei slår på for å havne i ekstase, medan andre ”galdrer”. Galder er ein slags trolldomssang, som kan brukast til mykje rart, blant anna å indusere ekstase. Odin ofra seg sjølv til seg sjølv ved å henge seg i Yggdrasil i 9 dagar uten mat eller drikke. Han døyde og reiste ut av kroppen sin, men kom tilbake, og hadde med seg runekunsten, som også er ein disiplin innan seid. Atter andre brukar psykoaktive soppar eller plantar for å indusere ekstasen, gjerne saman med galder eller tromming. Dette kan vere spissfleinsopp (Psilocybe Simelanceata) eller flugesopp (Amanitas Muscaria). Det bør nemnast at bruk av fleinsopp er ulovleg i Noreg, og straffast på lik linje med andre narkotikum. Flugesopp er ikkje ulovleggjort, då bruken av denne soppen er skjeldnare, truleg grunna bornelærdommen om at den er døydeleg giftig. Begge soppane veks i dei områda av verda det er flest heidningar, og ein kan berre annta at dei har vorte brukt som rusmidlar i før-kristen tid. Både flugesoppen og fleinsoppen gir ein psykedelisk rus, (flugesopp kan gi delirium i tillegg) og vi veit frå før at nyreligiøsitet og psykedelisk kultur har gått hand i vesten sidan 60-talet. Historisk sett har deliriske og psykedeliske vekstar vore nært knytt til det religiøse, og ofte mykje brukt i ritualer, så dette er ikkje noko nytt fenomen.

 

Det er mange forskjellige meiningar om kva som skjer når ein reiser ut av kroppen. Ein teori er at sjela forlet kroppen, akkurat som ved ei nær døden oppleving. Sjela forlet den menneskelege hamen, og kan kome tilbake til kroppen når ein vil. Andre meiner at mennesket ikkje er dualistisk, og at kropp og sjel er det same. Desse går heller for ei forklaring lik fenomenet ”astral projeksjon”. Dei meiner at vi lever på 6 eller fleire planar samtidig, men at bevisstheita vår er på den materielle planen, altså den eg kan sjå medan eg skriv dette, og den du kan sjå når du les det eg skriv. Teorien er at ein kan projisere bevisstheita si over til eit av dei to astrale plana, og på den måten bevege seg i denne planen utan å bruke den materielle kroppen. Astral projeksjon kan også oppnåast i draume, og er nært knytta til klare draumer, der du veit at du drøymer, og kan gjere omtrent det du vil. Desse to fenomena er ein stor del av nyreligiøsitet, og er særs populære.

 

Som nevnt er galder ein del av seid, og galder kan brukast til så mangt. Odin hevdar i håvamål at han kan songar som staggar spyd i lufta, bryt lenker, hjelper han på tinget, lekjar dei skadde og mange fleir. Runeinskripsjonar skal også ha ei magisk kraft. Kvar rune står for ein bokstav, men har også fleire skjulte betydningar. Som eit eksempel kan ”t” (T) tyde krigar, ”m” (M) kan vere mann og v” (TH) kan gje deg godt hell. Forskjellige runer passar i forskjellige samanhengar, og det er viktig å kunne bruke dei rett. Runer kan ein risse inn i amulettar, ein kan tatovere seg eller ein kan risse dei inn i redskap. Det finnes få begrensingar innan runerissing. Nokre hevdar at dei kan spå ved hjelp av runer som er rissa inn på brikker. Ved hjelp av spørje spørsmål og å trekke dei runer kan ein få vete noko om framtida, men det er ueinigheit i om dette har vore utbredt, eller ikkje. Arkeologien har bevist at i hvert fall ein gotisk stamme har brukt dette systemet.

 

Heidningar har nokre få fellestrekk; dei er opptekne av å halde gamle skikkar i live, og dei er opptekne av å utvikle seg åndeleg. Dette er dei to store hovudtrekka ein kan sjå hos heidningar, noko som kanskje kan verke litt rart med ein gong. Det har seg sånn at det finst veldig mange forskjellige grupperingar og forskjellige folk innan åsatrua, og vi skal sjå litt nærare på nokre av dei store grupperingane.

 

Dei høgreekstreme heidningane har fått mest oppmerksomheit frå media, og mange får assosiasjonar til desse gruppene når dei høyrer om moderne heidningar. Det var nasjonalistane som først lagde ein heidensk renessanse på 1800 talet, og nazistane, som på mange områder befinner seg enda eit hakk til høgre, tok også mytologien til seg. I dag kan vi høyre om grupper som Vigrid, og menn som Varg Vikernes, som tolkar mange av dei religiøse mytene i samanheng med rase. Desse gruppene har samband med ting som fok flest tar stor avstand frå, og andre heidenske grupper blir ofte stigmatiserte som resultat av dette. Sanninga er at det er eit mindretal av heidningar som er innanfor denne kategorien. Dei høgreekstreme gruppene utfører diverse seremoniar på lik linje med fks Bifrost, men ingen av dei er offentleg godkjente som trussamfunn, og dei giftemåla som blir gjort i samband med fks Vigrid vil ikkje vere gyldige. I Sverige har smykker med Mjølner (Torshammaren, Mjolnir) vorte så nært knytta til brune ideologiar at ein kan risikere å bli trakasert offentleg med dette smykket synleg, og kanskje vil dette snart vere tilfellet i Noreg også.

 

Det finst ei gruppe heidningar som har valt å sette merkjelappen ”rekonstruksjonistar” på seg sjølve. Desse heidningane er opptekne av å finne ut korleis forfedrene dyrka dei eldgamle gudane, og dei vil gjere det på same vis. Dei tek avstand frå dei som tilpassar religionen til moderne forhald. Den eldre og yngre Edda tek dei med store klyper salt, i og med at desse var skrivne ned 200 år etter vikingtida. Dei argumenterar også med at nordboarane henta inspirasjon frå andre land under dei lange reisene i vikingtida, som varte omtrent frå 800 til 1000 A.D. Det har kome argument frå denne leiren om at dødsrika (Valhall, Hel og der Ran bestemmer seg for å ta deg til) vart til under denne tida, inspirert av andre religionar. Dei meiner at ein frå gammalt av trudde at dei døde budde under jorda, og at desse nye dødsrika var lettere å tru på for dei sørgande. Viktige sider for rekonstruksjonistane er http://www.angelfire.com/nm/seidhman/ og http://www.northvegr.org/.

 

Den tredje og siste grupperinga er i mine auge dei som ein vanlegvis forbinder med nyreligiøsitet. Denne gruppa er ikkje redde for å modernisere eller synkretisere religionen, og er ofte interesserte i andre delar av nyreligiøsitet, som for eksempel chakraer, spøkelser, reinkarnasjon etc. Mange rekreasjonistar irriterar seg over dei nyreligiøse heidningane, og argumenterar med at dei vatnar ut åsatrua. Det er eit stort paradoks at dei fleste assosierar moderne heidningar med høgreekstreme, når det er dei fredelege og harmoniske nyreligiøse som dominerar tala på heidningar i dag.